Gode overgangar mellom ulike arenaer og situasjonar er ein del av tidleg innsats og
inkluderande praksis. Det handlar om å legga til rette for å bli tatt godt i mot, og at rett
kompetanse og tilpassing er på plass frå første stund. Gode overgangar er ein del av
arbeidet med å førebygga, fanga opp, følga opp og fremma eit trygt og godt miljø.
Time kommune utforma ein plan som gjer rettleiing knytt til overgangar barn og unge møter frå dei er 0-16 år. Målet med overgangsplanen er å sikra god kvalitet og felles praksis i alle dei ulike
overgangssituasjonane barn og unge står overfor i kvardagen og i ulike fasar av livet. Slik
kan ein gjera overgangane så trygge som mogleg, og sikra kontinuitet og heilskap i
utdanningsløpet.
Alle kan vera sårbare i korte eller lengre periodar av livet. Alle som jobbar i oppvekst har
eit skjerpa ansvar for å ivareta barn og unge med særskilt sårbarheit. I denne
samanhengen gjeld det barn som treng ekstra støtte for at dei skal oppleva ein trygg og
god overgang. Sårbarheit kan vera knytt til:
- det individuelle (fysisk og psykisk sjukdom, utviklingsforstyrringar, ulike vanskar,
temperament, erfaringar, samspel) - familie (omsorgssituasjon, psykisk sjukdom, samlivsbrot, rus, høgt konfliktnivå)
- jamaldringar (krenking, utfordring i å etablera og vera i stabile vennerelasjonar)
- miljøet (samspel i barnegruppa, rolle i gruppa, fattigdom, kriminalitet, mangel på
sosialt nettverk)
Gode overgangar
Gjennom erfaring med overgangar i utdanningsløpet vil barn og unge opparbeida seg
overgangskompetanse. Overgangskompetansen vil ha innverknad på korleis barnet
opplever neste overgang og kva støtte dei eventuelt treng. Gode erfaringar vil gjera
barnet meir robust i neste overgang.
Samanheng og kontinuitet
Barn bruker sine erfaringar og kunnskap i møte med noko nytt. Møte med noko kjent
skapar difor samanheng for barna, og gjer overgangen betre og tryggare. I
overgangsarbeidet er eit grunnleggande prinsipp at ein skal legga til rette for at barn og
unge opplever at overgangar er føreseielege og at det er samanheng mellom arenaer. Til
dømes kan bruk av overgangsobjekt/grenseobjekt vera til god hjelp i tilknytingsprosessen
og opplevinga av kontinuitet. Overgangsobjekt/grenseobjekt kan vera tutt, kosedyr, bilete
av familie, teikningar, historier, bøker, arbeidsmetodar og læringsmateriell som får følge
med barnet til barnehagen og skulen/SFO (Winnicott, Abrahamsen 2008, Hilde Dehnæs
Hogsnes, 2019 og 2022).
Samanheng mellom ulike arenaer kan delast inn i 4 former for kontinuitet. I målet med å
skapa gode overgangar skal ein difor arbeida for å etablera 4 former for kontinuitet
mellom arenaene.
Ulike former for kontinuitet
1. Fysisk kontinuitet (rom, bygg, garderobe)
2. Sosial kontinuitet (relasjonar, nye og gamle kontaktar, lærar)
3. Kontinuitet i innhald og arbeidsmåtar (samanheng mellom det barna kjenner frå før
og det nye dei møter)
4. Kommunikasjonsmessig kontinuitet (informasjon, skjema, kven får uttala seg?)
Overgangsrutinar
Overgangsrutinar skal gi tryggleik og tilpassing frå første dag. Barn og elevar har ulike
behov for å føla seg trygge.
Gode overgangsrutinar legg til rette for at barna og elevane:
• blir kjent med stadane der dei skal opphalda seg
• blir kjent med dei vaksne og dei andre barna/elevane i gruppa
• får ei positiv forventing til kva som møter dei på den nye arenaen
• får eit tilbod som bygger vidare på interessene, kunnskapane og erfaringane frå
tidlegare arenaer
Gode overgangsrutinar legg til rette for at dei vaksne:
• blir kjent med barna eller elevane som personar og gruppe.
• har nødvendig kompetanse slik at barna og elevane er sikra kontinuitet og gode
vilkår for læring og deltaking frå første stund
• fremmar eit heilskapleg opplæringsløp som tek vare på barna og elevane sitt
behov
Informasjon gitt i god tid – kva betyr det?
Informasjon og kommunikasjon er viktig for at ein skal få til gode overgangar. Det er ofte
nødvendig med kommunikasjon mellom fleire ulike partar i ulike samanhengar. Ein skal
legga vekt på dialog med barnet/ungdomen ut frå alder og modning i overgangsarbeidet
jmfr. Barnekonvensjonen artikkel 12.
For nokre barn og elevar kan god tid vera at informasjon blir delt kort tid før oppstart i
barnehagen eller på skulen. For andre kan god tid bety to år i forkant. Enkelte barn og
elevar kan ha behov for omfattande tilpassingar, og mange aktørar eller instansar kan
vera involverte. Då må overgangen planleggast i god tid.
Kommunikasjon mellom ulike aktørar og interessentar
– Foreldre og vaksne i helsestasjon/barnehage/skule/SFO førebur barnet/eleven på
den nye situasjonen
– Dei aktuelle aktørane utvekslar informasjon om det enkelte barn, forholdet mellom
barna og om dynamikken i barnegruppa.
– Foreldra får tidleg og god informasjon om overgangsprosessane og rutinane for
den aktuelle overgangen frå heim/barnehage/skule/SFO
– For barn med behov individuell tilrettelegging vil det nokre gonger vera nødvendig
at PPT eller andre faginstansar er ein del av dialogen kring overgangen
– Det blir lagt ekstra vekt på oppfølging i overgangane for sårbare barn og unge ut
frå deira behov
Lover og forskrift som gjeld for overgangsarbeidet
Overgangsplanen er forankra i lovverk og sentrale dokument
Barnehagelova § 2a og Opplæringslova § 4-7 seier at barnehage og skule har plikt til å
samarbeida om ein trygg og god overgang frå barnehage til skule og skulefritidsordning.
Opplæringslova § 9-5 seier at Fylkeskommunen skal sørga for at elevane får ein trygg
overgang frå grunnskulen til den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal samarbeida
med fylkeskommunen om overgangen.
Andre sentrale dokument er: Rammeplan for barnehage kapittel 6, rammeplan for SFO
kapittel 5 og den overordna delen av læreplan for grunnskulen LK 2020.
Barn sitt beste og barnet si stemme
Barnekonvensjonen art 3, Barnehagelova § 3 og opplæringslova kapittel 10 slår fast at
ein i alle avgjersler som vedkjem barn og elevar skal barnet sitt beste vera eit
grunnleggande prinsipp. Barn og elevar har rett til å medverka i saker som gjeld dei sjølv
og dei har rett til å ytra meiningane sine. Dei skal bli høyrde og stemma skal leggast vekt
på ut frå barnet sin alder og modning.
Samarbeid med foreldra
Samarbeid med foreldra er heimla både i Opplæringslova og Lov om barnehagar.
Teieplikt
Teieplikta er regulert i Forvaltningslova og i ulike særlover.
Dersom informasjon om skal barnet overførast frå ein arena til ein annan, skal det gis
samtykke og avklarast med føresette.
Overgangsarbeidet
Overgangsarbeidet
Hovudansvaret for samarbeidet om overgangar for barn og unge 0-16 år ligg hos styrar
og rektor. Pedagogiske leiarar, kontaktlærarar, leiar i SFO, avdelingsleiarar og
helsesjukepleiarar/ helsestasjonen er viktige partar for vidare oppfølging. Føresette og
barn er sentrale aktørar i overgangsarbeidet og skal involverast.
Einingane må sikra at dei har rutinar for interne overgangar som skjer i kvardagen. Dette
kan t.d. gjelda overgang frå småbarnsgruppe til stor avdeling i barnehage, overgang
mellom småtrinnet og mellomtrinnet, endring når det gjeld samansetting av
klassegrupper, og overgang frå skule til SFO.
Det er 6 samarbeidsområde for overgangsarbeid mellom barnehagar og skular
1. Vestly idrettsbarnehage, Monsanut barnehage, Lyefjell barnehage, Sporvongane
barnehage og Lye barneskule
2. Undheim barnehage og Undheim skule
3. Haugland gardsbarnehage og Hognestad skule
4. Frøyland barnehage, Ådalen barnehage, Kvernaland barnehage og Frøyland
barneskule
5. Austbø barnehage, Espira Ree barnehage, Spødarbakken barnehage,
Barnehagen i Bryne kyrkje og Bryne barneskule
6. Vestly idrettsbarnehage, Maurtuå barnehage, Jærbarnehagen FUS, Eivindsholen
FUS barnehage, Trollongane barnehage og Rosseland skule
Barnehagar som har barn som skal starta på andre skular enn skulane i
samarbeidsområde, har ansvar for å ta kontakt med aktuell skule.
Det er 4 samarbeidsområde for overgangsarbeid mellom barne- og ungdomsskule
• Lye ungdomsskule, Lye skule og Undheim skule
• Bryne ungdomsskule, Bryne skule, Hognestad skule og Rosseland skule
• Vardheia ungdomsskule, Bryne skule, Rosseland skule, Tu skule og Orre skule
• Frøyland ungdomsskule og Frøyland skule
Barneskular som har elevar som skal starta på ein ungdomsskule må etablera dialog og
samarbeid med dei aktuelle skulane. Ungdomsskulane skal òg ha møte med skular
utanom samarbeidsområdet når dei får elevar frå desse.
Kvart samarbeidsområde skal arbeida med utgangspunkt i denne planen. Dei avklarar
ansvarsfordeling, detaljar og rutinar for korleis ein sikrar dei enkelte elementa i
overgangsarbeidet.
Barnehagar og barneskular som skal “senda” frå seg barn/elevar har kjennskap til individ,
samspel og grupper. Dei skal i overgangssamtalane gje informasjon om kven som gjer
kvarandre gode og kven ein bør vera obs på i samspelet. Informasjon om kvar enkelt barn
er etter samtykke frå føresette. For å få til ein god overgang er viktig at denne
kunnskapen blir brukt når mottakarskulen skal setja saman nye grupper. Skulen som tek i
mot barn og elevar er ansvarlege for setja saman grupper og klassar ut frå samla oversikt
over alle elevar, ressursar og personell.
Overgangen frå barnehage til SFO og skule er for mange barn to overgangar. Barna skal
bli kjent både på SFO og skule. «Første SFO-dag» er like viktig som «første skuledag»,
og skulen må sikra eit likeverdig overgangsarbeid for begge arenaene. Barnehagane må,
i tillegg til å forbereda barna på skulen, snakka om kva SFO er, og kva barna kan forventa
seg her.
Overgangen mellom barneskule- og ungdomsskule er for dei fleste elevar ein viktig
milepæl og eit skilje i utdanningsløpet. På same tida skjer det mykje både mentalt og
fysisk i denne aldersgruppa. For sårbare elevar kan denne overgangen vera krevjande og
det er viktig å vera tidleg ute med støtte. Forventningane og krava endrar seg mellom
skuleslaga og elevane må få moglegheit til å trena seg opp til nye krav og forventningar.
Nokon vil framleis trenge innramming og støttestrukturar.
Ved overgang til vidaregåande skule, veit me at enkelte ungdomar fell ut av
skulesystemet, anten ved at dei ikkje startar på vidaregåande skule, eller at dei sluttar før
dei har fullført. Det er viktig at det blir arbeidd førebyggjande og at ulike aktørar
samarbeider i forhold til ungdom som kan droppa ut, jamfør «Glidelås». Det krevst gode
rutinar for samarbeidet, og arbeidet må starta i god tid før dei sluttar på ungdomsskulen.
Det må væra avklart kven som overtek “stafettpinnen” så snart skulane sitt formelle
ansvar for ungdomane er avslutta. (Nova rapport 1/2015
Samarbeid helsestasjon-barnehage i samband med oppstart i barnehage
Helsestasjonen har tett kontakt med barn og foreldra første leveår. Kjennskapen dei har til
barna og den enkelte familie kan vera viktig for å trygga og sikra best mogleg overgang
frå barnet er heime med føresette til oppstart i barnehage.
Oppstart i barnehage
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra legga til rette for at barnet kan få ein trygg og
god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpassa rutinar og organisera tid og rom slik at
barnet får tid til å bli kjent, etablera relasjonar og knyta seg til personalet og til andre barn.
Når barnet startar i barnehagen, skal personalet sørga for tett oppfølging den første tida
slik at barnet kan oppleva tilhøyrsle og tryggleik til å leika, utforska og læra. (Rammeplan
kap 6)
Overgang mellom barnehagar
Det er ein stor overgang for barnet når barn byter frå ein barnehage til ein annan. Begge barnehagane må samarbeida om å sikra at barn og føresette får tid og rom til å bli kjent med nye barn og tilsette når dei byter barnehage. Viktig informasjon om barnet må vidareførast til det beste for barnet.
Overgang barnehage-skule/SFO
Barna skal oppleva samanheng i overgangen mellom barnehagen og SFO/skulen. Barnehagen og skulen utvekslar kunnskap og informasjon i samarbeid om overgang til og oppstart i SFO og skulen. Gjennom overgangsarbeidet sikrar ein at skulen og SFO har kjennskap til barnegruppa, samspel og enkeltbarn. Ein legg til rette for å ivareta dei 4 formane for kontinuitet. Til dømes å ha med grenseobjekt, og å bruka kjente arbeidsformer når eleven startar på skulen.
Overgang barneskule-ungdomsskule
Elevane skal oppleva samanheng i overgangen mellom barne- og ungdomsskule. Dei tilsette på skulane må gjennom dialog og samarbeid med kvarandre, andre fagområde, elevane og føresette legge til rette for dette. Skulane bør utveksla kunnskap og informasjon om elevgruppa, relasjonar og samspel, samt enkeltelevar i samarbeidet om god overgang til og oppstart ved ungdomsskulen. Skulane legg til rette for å ivareta dei 4 formane for kontinuitet i overgangsarbeidet, og å legga vekt på å ivareta sårbare elevar. Dette gjeld t.d. elevar med mykje fråvær, elevar som har opplevd skulemiljøet som utrygt og elevar som er sårbare i relasjonar.
Overgangar ungdomsskule-vidaregåande
Time kommune samarbeider med Rogaland fylkeskommune om Glidelås, eit systematisk samarbeid om elevar som treng tettare oppfølging i overgangen til og gjennom 1. vgs.
Barn med behov for individuell tilrettelegging (0-16 år)
Barn og elevar med rettar etter Barnehagelova §31 og §37, og Opplæringslova §11-6 skal følgast ekstra opp i overgangsarbeidet.
Minoritetsspråklege barn
Overgangsplanen gjeld for fleirspråklege barn med behov for oppfølging fordi dei ikkje har tilstrekkeleg norskspråkleg ferdigheit til å ha utbytte av ordinær opplæring. Dei vil ha rettigheiter etter § 3-6 i opplæringslova. Mange føresette i elevgruppa veit òg lite om det norske barnehage- og skulesystemet og har behov for meir informasjon og trygging i dei ulike overgangane. Det finst òg eit eige planverk og rutinar for oppfølging av desse barna/elevane.
Alle elevar som skal starta i 1. klasse startar ved nærskulen.
Særskilt sårbare overgangar
- Frå barnehage til skule og SFO.
- Frå innføringstilbod barneskule til innføringstilbod på ungdomsskulen
- Frå innføringstilbod til ordinær opplæring på nærskulen
- Frå innføringstilbod barneskule til ordinær opplæring på ungdomsskulen
- Frå innføringstilbod i Klepp kommune til Vardheia ungdomsskule.
- Frå grunnskule i Klepp til Vardheia ungdomsskule
Vedlegg
Oversikt over innhald i ulike møtepunkt i overgangsarbeidet:
Overgang barnehage-skule og SFO
Fellesmøte i november:
- Slik jobbar barnehagen for å førebu skulestart.
- Kva ventar barna når dei startar på skulen.
- Slik kan føresette bidra til «God lesestart».
- Slik kan føresette best mogleg bruke året til å førebu barnet til elevrolla.
- Slik jobbar skule og barnehage for å ivareta barn som strevar med overgang.
Overgang barneskule -ungdomsskule:
Oktober/november: utviklingssamtale 7. trinn.
- Kva som skal førast vidare til ungdomsskulen, samt samtykke frå føresette. Føresette gir samtykke i møtet samt i VFS.
- Evt. behov tilrettelegging i overgangs-prosessen.
- Informasjon om val av målform.
Januar: Møte mellom barneskule og ungdomsskule.
- Gjennomgang av elevliste, skjema og plan for overgang.
- Lag oversikt over sårbare elevar med behov for tilrettelegging og plan for dette. (særskilt språkopplæring, fråvær, individuelt tilrettelagt opplæring)
Januar/februar: Foreldremøte på ungdomsskulen med føresette til nye 8. trinn.
- Informasjon om skulen, leiinga, strukturar og støttesystem.
- Informasjon om skulen sitt overgangsarbeid og kva ein kan venta seg ut over våren.
- Kva kan føresette bidra med for ein god overgang.
Mai: Overføringssamtalar mellom barne- og ungdomsskule:
- Overgangsskjema blir levert til dei nye kontaktlærarane.
- Avklara kva dokument som skal sendast frå barneskule til ungdomsskule i VFSS.
Overgang barnehage-skule / barnehage-barnehage
Til foreldresamtale før skulestart el byte til ny barnehage, bruk skjema i Websak.
Overgang barneskule-ungdomsskule
Til foreldresamtale haust 7. trinn- bruk skjema i Visma Flyt Sikker Sak.