Visjonen i Strategiplan Oppvekst 2023–2029 er:
«Alle barn og unge i Time kommune har lyst på livet, og evne til å meistra det.»
Flyktningtenesta er ein del av tenesteområdet Oppvekst. Flyktningtenesta skal sikra ein god, trygg og heilskapleg integreringsprosess for personar som får busetting i kommunen.
Arbeidet er forankra i:
- Integreringslova med tilhøyrande forskrifter (kvalifisering, introduksjonsprogram, norskopplæring)
- Barnekonvensjonen og menneskerettane
- Kommuneplanen sin samfunnsdel
- Strategiplan Oppvekst 2023–2029
Flyktningtenesta skal bidra til “det store oppdraget” i Oppvekst:
å leggja til rette for at flyktningar – både barn, ungdom og vaksne – kan delta, meistra og utvikla seg i samfunn, skule og arbeidsliv.
Trygge foreldre
Flyktningtenesta har ein viktig rolle i å støtta foreldre i ein ny kvardag i Noreg. Mange flyktningfamiliar står i store endringar, og strategiplanen vektlegg at foreldra si tryggleik er avgjerande for barn sin trivsel, utvikling og meistring. Tenesta arbeider derfor aktivt for å gi god informasjon, byggja relasjonar og styrka foreldrerolla frå første møte.
Flyktningtenesta styrkar foreldretryggleik gjennom å:
- gjennomføra samtalar med alle busette familiar kort tid etter busetting for å avdekkja behov og gje rettleiing
- rettleia foreldre i tema som migrasjon, krysskulturell oppvekst, foreldrerolle i Noreg og møte med barnehage/skule
- samarbeida med helsestasjon, familiesenter, PPT og frivillige om målretta foreldrestøtte
- koordinera og administrera obligatorisk ICDP‑foreldrerettleiing for deltakarar i introduksjonsprogrammet med barn under 18 år (gruppebasert og individuell rettleiing)
- sikra bruk av kvalifisert tolk i møte med familiar
- gje foreldre informasjon om tenester, rettar, rutinar og støtteordningar
- følgja opp familiar med særleg behov gjennom heimebesøk, støttesamtalar og vidare tilvising
Knytt til mål i Strategiplan Oppvekst skal flyktningtenesta:
- leggja til rette for at foreldre kjenner seg trygge i foreldrerolla
- bidra til positiv utvikling i deltaking, inkludering og medverknad
- sikra at foreldre får rettleiing som fremjar barn si læring, utvikling og trivsel
- rettleia flyktningar i tråd med Digital praksis i Oppvekst
Samhandling og førebygging for tidleg innsats
Integreringsarbeidet krev tett samarbeid mellom fleire tenester og aktørar. Flyktningtenesta jobbar systematisk med tidleg innsats gjennom kartlegging, heilskapleg oppfølging og tverrfaglege møtepunkt. Strategiplanen understrekar at slike strukturar er nødvendige for å sikra gode overgangar, rask oppfølging og utvikling av sjølvstende hos deltakarane.
Flyktningtenesta arbeider tverrfagleg og førebyggande ved å:
- samarbeida tett med NAV, helsestasjon, barnehage, skule, PPT, BKS og frivilligsentralen om heilskapleg oppfølging av flyktningar og familiar
- gjennomføra busettingsarbeid i samarbeid med bustadkontoret og eigedomsavdeling
- gi individuell oppfølging og tett kontakt frå busetting til sjølvstendig etablering
- kartleggja kompetanse, ressursar og behov for kvar flyktning (språk, arbeidserfaring, helse, familie, utdanning)
- utarbeida integreringsplanar og følgja opp innhald, mål og progresjon saman med Bryne kompetansesenter
- sikra at deltakarar får praksisplassar som styrkjer språk, arbeidserfaring og overgang til arbeid
- ha tett dialog med NAV om overgangar, tiltak og lønnstilskot for deltakarar
Knytt til mål i Strategiplan Oppvekst skal flyktningtenesta:
- delta jamleg i tverrfaglege arenaer for førebygging
- bruka BTI som verktøy der det er relevant
- sikra gode overgangar for barn og vaksne i opplæring og arbeid
- styrka tidleg innsats og samanheng i tenestene
Inkluderande samfunn
Eit inkluderande oppvekstmiljø er avgjerande for at flyktningar skal oppleva tryggleik, tilhøyrsle og deltaking i lokalsamfunnet. Flyktningtenesta arbeider for å gi barn, unge og familiar støtte inn i barnehage, skule, arbeidsliv og fritid, og samarbeider med fleire tenester for å forhindra utanforskap. Strategiplanen legg stor vekt på fellesskap, medverknad og moglegheit til å meistra kvardagen.
Flyktningtenesta fremjar inkludering ved å:
- leggja til rette for deltaking i lokalsamfunn, frivillige aktivitetar og møteplassar
- støtta barn og unge i overgangar til barnehage, skule og fritidstilbod
- sikra at alle busette får tilgang til helsetenester og informasjon om desse (som helsestasjon, fastlege, psykisk helse)
- samarbeida med skule og barnehage om barn sine behov, inkludering og tilrettelegging
- bidra til at vaksne får god informasjon om utdanning, arbeidsliv, system og rettar
- følgja opp familiar som står i utfordrande livssituasjonar (samlivsproblem, økonomi, vald, rus, psykisk helse)
- samarbeida med frivilligsentral og frivillige aktørar om sosiale møteplassar og nettverk
Knytt til mål i Strategiplan Oppvekst skal flyktningtenesta:
- bidra til at flyktningar melder at dei blir sett, høyrt og inkludert
- styrka tiltak som motverkar utanforskap
- bidra til at 90 % av deltakarane går vidare til arbeid eller utdanning (strategimål – sjølv om talet er krevjande å nå)
- bidra til å innfri Digital praksis i Oppvekst
Oppvekst og digitalisering
Digital kompetanse og tilgang til digitale verktøy er viktige nøklane til deltaking i skule, arbeid og samfunnsliv. Flyktningtenesta møter deltakarar som ofte treng grunnleggande opplæring og støtte i bruk av digitale tenester. Arbeidet er derfor tett knytt til strategiplanen sitt mål om digital tryggleik, god informasjonsflyt og rettleia bruk av digitale system.
Flyktningtenesta styrkar digital kompetanse og tryggleik ved å:
- rettleia deltakarar i bruk av digitale verktøy (ID‑porten, NAV, kommunikasjon med kommune, kartleggingsverktøy)
- samarbeida med BKS om digital opplæring, fjernundervisning og språkstøtte i praksis
- gi opplæring i grunnleggande digital kompetanse for å fremja deltaking, utdanning og sjølvstende
- bruka digitale system for kartlegging, journalføring og oppfølging (t.d. NiR, IMDi‑system, Visma)
- sikra godt personvern og bruk av trygg kommunikasjon
- gje informasjon om digital praksis også til foreldre som del av introduksjonsprogram og familiesamtalar i tråd med Digital praksis i Oppvekst
Knytt til mål i Strategiplan Oppvekst skal flyktningtenesta:
- bidra til trygg bruk av digitale verktøy i kvardagen
- gi digital opplæring som styrkjer deltakarane sin moglegheit til arbeid og utdanning i tråd med Digital praksis i Oppvekst
- sikra balanse mellom digital og relasjonell oppfølging i tenesta
Rekruttera og behalda
Integreringsarbeid er komplekst og krev høg kompetanse, kulturforståing og relasjonelle ferdigheiter. Flyktningtenesta er avhengig av stabil bemanning og kvalifiserte fagpersonar for å gi kvalitativ, samanhengande og føreseieleg oppfølging. Strategiplanen løftar fram at rett kompetanse og gode arbeidsvilkår er avgjerande for å nå måla i integreringsarbeidet.
Flyktningtenesta byggjer kvalitet gjennom stabilt og kompetent personale og skal:
- ha ei tverrfagleg samansett teneste med busettingsrettleiarar, programrådgjevarar og familierettleiar
- ha fagmøte, personalmøte og teammøte jamleg
- jamnleg kompetanseheving i personalet knytt til integrering, karriererettleiing, traume, kulturforståing, vald og negativ sosial kontroll
- sikra god opplæring for nytilsette og bruk av fagleg rettleiing
- samarbeida tett med IMDi, fylkeskommunen, NAV og BKS for å styrka fagleg kvalitet
- leggja til rette for eit trygt arbeidsmiljø og god organisering
Knytt til mål i Strategiplan Oppvekst skal flyktningtenesta:
- ha kvalifisert personale i alle stillingar
- sikra låg utskifting og stabilitet i tenesta
- arbeida for høg trivsel og eit inkluderande arbeidsmiljø
- vera ei attraktiv teneste som rekrutterer rett kompetanse