Tilbake

Kultur og fritid

Kultursektoren har ei sentral rolle i arbeidet med utjamning av sosiale ulikskap. Gjennom deltaking i kulturaktivitetar kan interesser utviklast og sosiale nettverk byggjast. Det same gjeld aktiv deltaking i frivillig sektor. Dette vil bidra til å styrke den enkelte sine evne til å leva eit godt og meiningsfullt liv.  

I Time kommune har me eit rikt kunst- og kulturliv, og fritids- og idrettstilbod som er prega av høg kvalitet og aktivitet. På kommunen sine heimesider finn du oversikt over dei ulike tilboda innanfor kunst, kultur, fritid og idrett.

Barn og unge

Alle barn treng å oppleve at dei er viktige og likeverdige med andre. Barn skal kunne delta i samfunnslivet på måtar som utviklar dei, og som styrkjer opplevinga av å høyre til. Fritidsaktivitetar er ein viktig del av kvardagen til barn. Kollektive kunst- og kulturtilbod kan styrka fellesskapskjensla og hindra utenforskap, samt bringe folk saman på tross av forskjellar.

FN sin barnekonvensjon er den fyrste rettslege bindande menneskerettskonvensjonen som uttrykkeleg anerkjenner barn sin rett til å delta i fritidsaktivitetar. Fritidserklæringa bygger på barnekonvensjonen artikkel 31, som seiar at alle barn har rett til fritid og leik, og til å delta i kunst og kulturliv saman med andre barn.