Førebygging

Helsefremjande og førebyggande arbeid tek sikte på å betra livskvalitet, trivsel og auka moglegheiter for å meistra dei utfordringar og påkjenningar ein vert utsett for gjennom livet, samt å redusera risikoen for utvikling av sjukdom. Målet er å førabygga vanskar og lidingar hos innbyggarane i kommunen gjennom å redusere nivået av kjente risikofaktorer hos personen sjølv og i miljøet. Arbeidet skjer systematisk i alle einingar, samtidig som barn, ungdom og foreldre sjølv kan ta kontakt om dei treng støtte eller rettleiing. Folkehelseprofilen og oppvekstprofilen vert gitt ut av Folkehelseinstituttet kvart år. Profilane gjev informasjon om helsetilstanden i kommunen og påverknadsfaktorar for denne, samt oppdatert statistikk på viktige område for barn og unge og deira oppvekstmiljø. Profilane dannar eit grunnlag for det lokale arbeidet med å betre folkehelsa Løpande oversikt over folkehelsa i Time kommune finn du på nettsidene våre.