I Time ønsker me at barn skal ha ein oppvekst prega av tryggleik, inkludering, medverknad og livsmeistring og av rause, kompetente og autoritative vaksne.
Mange foreldre synes det er utfordrande å gi barna sine trygghet og god oppvekst. Det er normalt at foreldre vert usikre. Men du kan vera ein trygg vaksen for barna, sjølv om du ikkje alltid veit kva du skal eller bør gjera.
Foreldrestøtte skal gi dykk som foreldre verkty til å betre forstå kva behov barn har, kva signalar dei gir og kva me kan gjera for å møta desse behova betre.
Målet er at dykk som familie skal kjenne dykk trygge og på den måten stå sterkare rusta til å møta utfordringar.