Handlingsplanen mot vald og trakassering i skulen tek utgangpunkt i Time kommune sin «Overordnet rutine for vold og trusler» som omfattar trugslar og vald utøvd mot arbeidstakarar. Denne planen er lagra i kommunen sitt HMS-system. Planen omhandlar rutinar og føringar for korleis ein skal handtera saker som gjeld både tilsette og elevar.
Innleiing
I denne handlingsplanen følgjer me opp tiltak og prosedyrar i kommunen sin «Overordnet rutine for vold og trusler».
Det er viktig å arbeida for å førebygga valdshendingar i skulen, og det er nødvendig å ha ei systematisk tilnærming til dette. Skulane må i fellesskap utforma eigne vurderingar av kva som er aldersadekvat framferd i den sosiale konteksten på sin skule.
Målsettinga er å:
- Ha ei felles forståing av ønska framferd på skulen
- Førebygga valdshandlingar
- Gje tryggleik for å melda frå om hendingar, at det blir iverksett tiltak, og hjelpa dei som blir utsette for vald/trugslar
- Hjelpa og ansvarleggjera den/dei som utøver vald eller trugslar
- Klargjera rutinar og setta i verk tiltak
Rektor har ansvar for å gjera innhaldet og tiltak i denne planen kjend for personalet.
Det er arbeidsgjevar sitt ansvar for å sørge for at arbeidstakarane så langt det er mogleg blir beskytta mot vald og trugslar. Skulane skal ha ein konkret tiltaksplan mot vald i skulen, og denne planen skal vera gjeldande for alle skulane i Time (jf. Arbeidsmiljølova §2-2). Planen må gjennomgåast på kvar eining i kvalitetsteamet med tillitsvalde og verneombod. Handlingsplanen vert lagra kommunen sitt HMS- system.
Handlingsplanen inneheld konkrete tiltak knytt til:
- Førebygging
- Når situasjonar oppstår – handlingstrapp
- Handtering av situasjonen – tiltakskort (Vedlegg)
- Registrering av hendingar
- Beredskapsteam v/skulen
- Kva andre instansar i kommunen kan bidra med
Når det blir endringar i lovverk og forskrifter, vil handlingsplanen bli justert.
Følgjande lovverk, litteratur, planar og dokument ligg til grunn for arbeidet
- Opplæringslova kap. 12 – når elevar vert utsette for vald eller trakassering
- Arbeidsmiljølova kap. 4- Krav til arbeidsmiljøet
- Forskrift til AML om utføring av arbeid, Kap. 23A «Arbeid som kan medføre fare for å bli utsatt for vold og trussel om vold»
- Straffelova §§ 47 og 48 om nødverje og nødrett:
«Nødrett og nødverje gjer en viss rett for personalet på skulen å stoppa basketak og slåssing
mellom elevar med fysisk makt og til å verje seg sjølv mot elevar som er trugande eller
valdelege, jf. §§ 47 og 48 i straffelova. Det kan altså ut frå forholda vera lovleg å bruke makt
for å hindre at elevane skadar seg sjølv eller andre, eller skader eigedommen til skulen eller
eigedommen til andre». - Forskrift om ordensreglement for elevar i skulane i Time
- «Overordnet rutine for håndtering av vold og trusler» i Time kommune
- «Tiltak mot vold og aggresjon i skolen» – bok av Ole Greger Lillevik og Lisa Øien.
Omgrep og årsaker til vald
Omgrep
Definisjonen som er utforma av arbeidstilsynet knytt til tilsette vert og lagt til grunn i denne planen.
Arbeidstilsynets definisjonar av vald og trugslar:
”Vold og trusler er hendelser hvor arbeidstaker/ elever blir fysisk, psykisk eller verbalt angrepet i situasjoner som har forbindelse med deres arbeid/ skolemiljø, og som innebærer åpenlys eller antydet trussel mot deres sikkerhet, helse og velvære. Trusler er verbale angrep eller handlinger som tar sikte på å skade eller skremme en person. Vold er enhver handling som har til hensikt å føre til fysisk eller psykisk skade på en person. Det kan også defineres som vold når arbeidstakere/ elever opplever utagerende handlinger hvor det fører til skade på inventar og utsyr.”
Trugslar eller krenkingar som skjer på det digitale medium, og korleis ein skal handtere dette, er og ein del av planen.
Årsaker til vald
Avmakt kan vera ein grunnleggande årsak til vald. Me har alle eit ibuande behov for tryggleik og å ha kontroll over eige liv. Det gjer oss makt over eige liv. Når denne tilstanden vert truga, kan ein oppleva avmakt. Det kan resultera i frustrasjon, stress, sinne og aggresjon. Det er viktig å hugse at dette og kan vera positive drivkrefter for å forsvara oss mot krenkingar og å ta handling i sårbare situasjonar. Elevar med åtferdsvanskar eller antisosial åtferd kan ha problem med å kontrollera eigen impulsivitet. Avmakt og aggresjon hos barn og unge kan ha mange ulike årsaker:
– Normale utviklingskriser
– Reduserte evner til å forstå eller å gjera seg forstått
– Akutte kriser
– Omsorgssvikt
– Sosial situasjon (skule/fritid)
– Fysiske eller psykiske plager
Førebygging
Skulane i Time arbeider systematisk med eit godt psykososialt og inkluderande læringsmiljø. Ulike program som Olweus, Zippys venner, og satsingar som «Inkluderande barnehage og skulemiljø» og «Laget rundt læraren og eleven» prosjektet er alle viktige element i dette arbeidet.
Grunnprinsipp i førebygging:
Bygg relasjon: Skapa forutsigbare strukturar, inkluderande skule som fremmar utvikling av sosial kompetanse og evne til konfliktløysing blant både lærarar og elevar
Vurder situasjonen: Ver merksam på særlege risikoforhold som avmakt og frustrasjon hos elevar, elevar med tidlegare valdsåtferd og direkte og indirekte trugselsituasjonar
Handter aggresjon: Møt elevens aggresjon med aggresjonsdempande kommunikasjon
(Meir informasjon finn du i boka «Tiltak mot vold og aggresjon i skolen» – bok av Ole Greger Lillevik og Lisa Øien.)
Kompetanse:
Skulen må sikra at alle tilsette får opplæring i og kunnskap om korleis ein kan førebygga og handtera vald og trugslar.
Beredskapsteam:
Alle skular skal ha beredskapsteam. Rektor har ansvar for å setja saman teamet. Det skal leiast av rektor. Aktuelle deltakarar er leiargruppa, verneombod, tillitsvald, sosiallærar og aktuelle lærarar/ andre tilsette.
Handlingstrapp 6-10 år
I kvar situasjon som oppstår, må det vurderast kor alvorleg hendinga er. Hending og tiltak må sjåast i samanheng med barnets alder, og kva for konsekvens som vil vera hensiktsmessig. Er ein usikker skal ein alltid ta opp saka med leiar. Elevar mellom 6-10 år vil ha mindre impulskontroll enn eldre elevar. Tiltak må derfor sjåast i samanheng med dette.
Det er viktig med tett og godt samarbeid med heimen. Ein må vurdera på nivå 1 om det skal tas kontakt, og det skal alltid tas kontakt på nivå 2 og 3. Tett og godt samarbeid med heimen er viktig i arbeidet for både førebygging og handtering av vald. Vurdering av alvorsgrad av hendingar skal gjerast i samarbeid mellom tilsett og næraste leiar. Eleven må i alle ledd få informasjon om kva som vil skje vidare.
Tiltak knytt til handlingstrapp 6-10 år:
Handlingstrapp 10-16 år
Etter kvart som elevane blir eldre, vil valdelege handlingar bli av meir alvorleg art, både når det gjeld konsekvensar av åtferd og av tiltak som blir iverksett. Det er viktig med tett og godt samarbeid med heimen. Ein må vurdera på nivå 1 om det skal tas kontakt, og det skal alltid tas kontakt på nivå 2 og 3. Tett og godt samarbeid med heimen er viktig i arbeidet for både førebygging og handtering av vald. Vurdering av alvorsgrad av hendingar skal gjerast i samarbeid mellom tilsett og næraste leiar. Eleven må i alle ledd få informasjon om kva som vil skje vidare.
*alle forhold knyt til vald og hærverk skal meldast til politiet. Dette gjeld frå 8. – 10. klasse.
Tiltak knytt til handlingstrapp 10-16 år:
Digitale medium
Alle saker som gjeld digitale medium der ein oppdagar krenkingar eller trugslar av elevar eller tilsette, skal meldast til politiet. Dette gjeld for aldersgruppa 8.-10. trinn. For yngre elevar skal ein kalla inn elevar og føresette til samtale for orientering og uttale om hendingar og konsekvensar/tiltak.
Registrering og dokumentering av hendingar
- Alle hendingar som omhandlar vald/trugslar mot tilsette skal registrerast i HMS –systemet
- Alle hendingar som omhandlar vald/trugslar mellom elev-elev skal registrerast i elevmappene til dei involverte partar. Alle hendingar som omhandlar vald/trugslar frå tilsett mot elev skal rapporterast til fagstab skule.
- Alvorlege hendingar skal meldast til barnevernet i Time
- Saker som gjeld elevar frå 8.-10. klasse som gjeld vald eller hærverk skal meldast til politiet
- I situasjonar der ein har brukt tvang og halde elevar, skal det utfyllast tvangsprotokoll.(Sjå vedlegg 4: «Tvangsprotokoll»)
Media
Dersom media eller andre utanforståande tek kontakt om valdsepisodar eller andre alvorlege hendingar, er det berre rektor eller rektor sin stedfortredar som skal uttala seg på skulen sine vegne.
Risikovurdering
Kvar skule må gjennomføra ein risikovurdering der ein ser på kva situasjonar elevar/tilsette kan bli utsett for vald og trugslar. Ein må vurdera kor sannsynleg det er at vald og trugselsituasjonar oppstår, og kva konsekvensar det kan få. Tre enkle spørsmål i risikovurderinga er:
– Kva kan gå galt
– Kva kan vi gjera for å hindra dette
– Kva kan vi gjera for å redusera konsekvensen om det skjer
(Sjå vedlegg 5: «Risikovurdering»)
Kva kan dei ulike instansane i Oppvekst bidra med i arbeidet mot vald i skulen
Kommunepsykolog:
- Leiinga kan drøfta saka anonymt, eller opent (med samtykke) for råd og rettleiing i sak. Ta kontakt med psykolog pr. telefon
PPT:
- Gje råd til skulen på individnivå og systemnivå
- Tilvising til PPT i forhold til åtferd/sosio-emosjonelle vanskar
- Støtte skulen iht å utvikla gode psykososiale læringsmiljø i klassane(førebygging)
- Delta på samarbeidsmøter med skule, heim og evt. andre instansar
Helsetenesta:
- Støtta samarbeid mellom elev, skule og føresette
- Delta i samarbeidsmøter
- Tilby samtalar med elev/føresette
- Hjelpa å trekkja inn andre instansar om nødvendig
- Familiesenteret
Barnevernet
- Støtta samarbeidet mellom elev, skule og føresette
- Skulen og barnevern kan vera i dialog kring saker ein er uroa for
- Undersøkje om faktorar i heimen skapar utfordrande og valdeleg åtferd hos barnet
- Familiesamtalar
- Rettleiing og støtte til føresette i vanskelege situasjonar
- Vurdera situasjonen til barnet etter Lov om barnevernsteneste
Politiet
- Viktig samarbeidspartnarar både i førebygging og i melde saker.
- Samtale med skule
- Samtale med heim og elev
Vedlegg 1: Bruk av pedagogisk analysemodell for å fremja eit godt læringsmiljø i Timeskulen
Den pedagogiske analysemodellen er utvikla for å analysera pedagogiske utfordringar i skulen og undervisninga, og gjennom analysen koma fram til nye pedagogiske tiltak og strategiar. Modellen byggjer på forsking og teori frå feltet, og er vidare utvikla på bakgrunn av kunnskap om samanhengar mellom omgjevnadane i skulen og elevane sine handlingar i form av åtferd og læring. Modellen og dei ulike fasane knytt til hovuddelane- analyse og strategi og tiltaksdel må jobbast med systematisk og over tid. Ein føresetnad er at skulen har jobba med teorien som ligg til grunn for modellen. Denne finn ein i serieheftet «Dette vet vi om», Pedagogisk analyse av Thomas Nordahl.
Hovudmålsetjinga med bruken av den pedagogiske analysemodellen i Timeskulen er å førebyggja og etablera gode læringsmiljø i skulane, der det skal eksistera hensiktsmessige rammevilkår for både skulefagleg og sosial læring hjå alle elevane våre. Analysen er eit verktøy som sikrar involvering av tilsette som igjen vil føra til eigarskap ovanfor strategiar og tiltak.
Modell for analyse av pedagogiske utfordringar
Figuren syner at det er to hovuddelar i modellen med eit tydeleg skilje mellom analysedelen og strategi- og tiltaksdelen. Før ein vurderer tiltak skal ein ha gått gjennom stega i del 1. I arbeidet med å identifisera kva faktorar i situasjonen som løyser ut eller opprettheld eleven eller klassen/gruppa sine utfordringar er det nyttig å bruka verktøyet samanhengssirkelen som vist i figur 2.
Samanhengssirkelen
Strategi og tiltaksdel
Strategiar omhandlar framgangsmåtar som kan nyttast i opplæringa, mens tiltak refererer til meir spesifikke metodar og aktivitetar. Etter gjennomført analyse skal det utviklast strategiar og tiltak som skal redusera betydinga av eller fjerna dei faktorane som opprettheld åtferdsproblem, læringsproblematikk eller utfordringane i læringsmiljøet. Det er viktig å bruka god tid i dette arbeidet og at drøftingane ikkje vert låst til tradisjonelle individuelle tilnærmingar. Ein bør i størst mogleg grad drøfta tiltak og strategiar som kan endra omgjevnadane (kontekstuelle forhold). Val av strategiar og tiltak skal så langt det er mogleg vera basert på forskingsbasert kunnskap. Gjennomføring inneber at alle vaksne må setja i verk strategiar og tiltak som ein har blitt samde om. Det forpliktar at det vert gjennomført på ein strukturert og nøyaktig måte innanfor tidsperioden ein har avtalt.
Oppretthaldande faktorar/forklaringar | Strategiar og tiltak | Forsking/grunnlag/evidens |
Faktor 1 | ||
Faktor 2 | ||
Faktor 3 | ||
Figur 3
Evaluering
Etter ein tidsperiode på 2 til 4 veker etter at gjennomføringa har starta bør det gjennomførast ei evaluering av arbeidet så langt. I dette må alle lærarane og andre som jobbar med elevgruppa delta. Som del av evalueringa er det nyttig å gå gjennom og svara på dei ulike punkta i figur 4.
Evaluering | Er alle tiltak gjennomførte? Status dato? | Er dei gjennomført kontinuerleg og på ein systematisk måte? | Kva har fungert bra? | Kva faktorar har vore til hinder for gjennomføring? | Kva justeringar/ endringar må gjennomførast nå? |
Tiltak 1 | |||||
Tiltak 2 | |||||
Tiltak 3 | |||||
Figur 4
Revidering
Dersom det ikkje skjer ei positiv utvikling i løpet av 2-4 veker kan det vera nødvendig å revidera/justera formuleringa av problemet og målsettingane, innhenta meir informasjon, gjennomføra ein analyse- og refleksjonsfase, og justera val av strategiar og/eller gjennomføringa av strategiane. Det er viktig å oppretthalda og forsterka det som har gått bra for å etablera ny praksis og for å oppnå varig endring.
Vedlegg 2 - Tiltakskort; Alvorlege hendingar vald og trugslar
Med en Særs alvorleg åtferd forstår vi enten:
1. Alvorlege trugslar (mot medelevar eller vaksne)
2. Valdsepisodar (mot medelevar eller vaksne) Ingen situasjonar vil være like og det er derfor viktig at alle hendingar blir vurdert spesielt.
Vedlegg 4 - Protokoll ved bruk av tvang
I situasjonar der ein må bruke nødretten, er det krav om dokumentasjon av hendinga og vurderinga tilknytt denne. Dokumentasjonen skal sendast heim og leggjast i elevmappa.
Straffelova §§ 47 og 48 om nødverje og nødrett:
«Nødrett og nødverje gjer en viss rett for personalet på skulen å stoppa basketak og slåssing mellom elevar med fysisk makt og til å verje seg sjølv mot elevar som er trugande eller valdelege, jf. §§ 47 og 48 i straffelova. Det kan altså ut frå forholda vera lovleg å bruke makt for å hindre at elevane skadar seg sjølv eller andre, eller skader eigedommen til skulen eller eigedommen til andre».
Dato for hendinga | |
Skriv kor episoden skjedde | |
Skriv kva som skjedde (uten å tolka) | |
Skriv konkret kva tilsett gjorde for å handtera situasjonen | |
Skriv kvifor tilsett vurderte å handera situasjonen slik | |
Eleven si forklaring | |
Underskrift og dato tilsett | |
Underskrift og dato rektor |
Vedlegg 5 - Risikovurdering
Skule:
Elev-elev
Spørsmål | Undervising | Friminutt | Tur/ekskursjonar | Relasjonar | Anna (beskriv) |
Kva kan gå galt | |||||
Kva kan vi gjera for å forhindra dette | |||||
Kva kan vi gjera for å redusera konsekvensen om det skjer |
Skule:
Elev-tilsett
Spørsmål | Undervising | Friminutt | Tur/ekskursjonar | Relasjonar | Anna (beskriv) |
Kva kan gå galt | |||||
Kva kan vi gjera for å forhindra dette | |||||
Kva kan vi gjera for å redusera konsekvensen om det skjer |
Litteraturliste
Forskrift til ordensreglementet i Time kommune
«Overordnet rutine for håndtering av vold og trusler» i Time kommune
«Tiltak mot vold og aggresjon i skolen» – Ole Greger Lillevik og Lisa Øien, Pedlex 2012 1.opplag
«Pedagogisk analyse»- Thomas Nordahl, Gyldendal 2012