Å føla seg trygg, oppleva, meistra, høyra til og trivast er grunnleggjande vilkår for at barn og unge skal oppleva å ha et godt oppvekstmiljø og ein god oppvekst. Saman med heimen er barnehage og skule dei arenaer barn og unge tilbringer mest tid på, og er difor sentrale i kommunen sitt arbeid med å skapa eit trygt oppvekstmiljø.
Forskriftene til barnehage og skule slår fast at tilboda skal gje barn og unge både fagleg og sosial kompetanse dei treng til seinare utdanning og deltaking i samfunnsliv. SSB skriv i sin rapport Livskvalitet i Norge 2021 (ssb.no) at ei av gruppene med opplevd lågast livskvalitet er «personar med lav utdanning (grunnskole)». Time kommune har difor eit mål om at 90% av alle våre elevar skal fullføra vidaregåande utdanning.
For at alle barn og unge skal ha moglegheit til å fullføra vidaregåande utdanning, må kommunen leggja til rette for nærvær i barnehage og skule. For å nå dette målet, må ein romma den einskilde barn og unge sine ulike behov. I Time kommune gjer me det gjennom god kvalitet på grunntenestane. Ei av de overordna føringane i det førebyggande arbeidet i kommuneplanen sin samfunnsdel er:
«Barn og unge har lyst på livet og evne til å meistra det. Dette får me til gjennom god kvalitet i grunntenestene, tverrfagleg samskaping mellom tenester som barnehage, skule, fritid og i nært samarbeid med barn og foreldre.«
Time kommune sitt systematiske kvalitetsarbeid for nærvær i barnehage og skule ligg i BTI-modellen BTI-rettleiar – Time – BTI.
Det blir jobba med systematisk nærværsarbeid både i barnehage og skule, likevel, er det nokre barn og unge som av ulike og vanlegvis samansette årsaker, får vanskar med nærvær på desse arenaene. Grunntenestane skal då bruka BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats) i det vidare samarbeidet rundt barnet/ungdommen. I BTI-modellen ligg det konkrete handlingsplanar som viser rutinar og retningslinjer for nærvær.
Alle tenestene i Oppvekst i Time kommune har vore med å utvikla rutinar og retningslinjer for nærværsarbeidet som ligg i BTI-modellen.
Kvalitetsarbeid sikrar nærvær
Time kommune har definert nærvær i barnehage og skule slik:
«Eit barn eller ein ungdom deltek fysisk i det sosiale fellesskapet i barnehage og skule av eit slik omfang at det fremjar deira utvikling, utdanning, trivsel og sosiale tilhøyrsle.»
Time kommune ønskjer at barn og unge skal møta i barnehage og skule, og det må leggast til rette for dette. Time kommune har ein raud tråd i nærværsarbeidet i barnehage og skule. Følgande faktorar er viktige i det nærværsfremjande arbeidet i barnehage og skule.
Trivsel i gode og inkluderande utviklingsmiljø
Barn og unge i Time kommune skal trivast i barnehagen og på skulen. Barnehagane og skulane skal avdekka og følga opp, dersom barn og unge ikkje trivst.
Time kommune har alderstilpassa pedagogisk innhald med fokus på tidleg læring og støtte i barnehagane. Kvart barn har ein progresjonsplan der ein fylgjer med på og møter barnet der det er i utviklinga. Gjennom tilpassa opplæring skal skulane legga til rette for fagleg og sosial meistring.
For barns leik, utvikling, læring og sosiale tilhøyrsle er trygge og gode barnehage- og skulemiljø utan mobbing og andre krenkingar avgjerande. Alle barn og unge har rett til å oppleva sosialt fellesskap og tilhøyrsle. Det å bli akseptert og inkludert i ei gruppe er grunnleggande behov. Barnehage og skule skal jobba systematisk for å utvikla inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle.
I grunntenestene i Time kommune skal ein jamleg gjennom barnehage- og skuleåret kartlegga relasjonane mellom barn-vaksne og barn-barn, og sikra at alle barn og unge har gode og trygge relasjonar rundt seg.
Autoritative vaksne
Ei vaksenrolle der ein kombinerer varme og forståing med tydelege krav og forventningar blir kalla “den autoritative vaksenrolla”. Det er denne tilnærminga til barn og unge som skaper mest tryggleik og best utvikling hos barn og unge. Dei vaksne er ansvarlege for å bygge gode relasjonar og viser at barn og unge er inkludert og høyrer til. Det skal bli lagt til rette for dette ved å ha tilgjengelege og varme vaksne. Alle vaksne skal arbeida for eit inkluderande barnehage- og skulemiljø
Overgangar
Overgangar mellom ulike avdelingar i barnehagen, mellom barnehage og skule, mellom klassetrinn, mellom ungdomsskule og vidaregåande skule er sårbare situasjonar som kan føre til utryggheit for barn og unge. For å sikra god kvalitet på overgangane, har Time kommune utvikla ein overgangsplan som gir føringar for arbeidet. Denne ligg på Time kommune sine heimesider; Overgangsplan 0-16 år
Samarbeid med heimen
God kvalitet på dialogen og samarbeidet mellom barnehage/skule og foreldra er viktig i det nærværsfremjande arbeidet. Føresette i Time kommune har kjennskap til kvifor det er viktig med nærvær i barnehage og skule, og dei er trygge på at barnehage og skule tek kontakt dersom ein kjenner uro for deira barn. Dei kjenner seg òg trygge på å ta kontakt med barnehage og skule dersom det er forhold i heimen eller på fritida som har innverknad på barnet eller ungdommen sin livssituasjon. I møte og samtale med barn og unge som strevar med nærvær og deira føresette er dei tilsette opne, trygge og inkluderande.
Fråværsrutinar
Det er forskjell mellom barnehage og skule sine fråværsrutinar. I skulen har elevane rett og plikt til opplæring, medan barnet har rett til barnehage.
Føresette si rolle og plikt er å få barna på skulen og følga opp skulearbeidet. Dette er viktig for å sikra barnet sitt nærvær på skulen, slik at barna får den sosiale og faglege læringa dei har rett på. Elevar som ikkje går på skulen kan koma til kort på fleire område i livet. Forsking viser at dei har større sjans for å droppa ut av vidaregåande opplæring og falla utanfor arbeidslivet som vaksne.
Barnehage
Når tilsette opplever at barn har fråvær som ein vurderer går ut over barnets beste, er det viktig at barnehagen har rutinar og system for å setja inn tiltak i samarbeid og forståing med heimen jf. Barnehagelova § 1.
Alle barnehagane i Time kommune skal ha system som registrerer når barna kjem/går og ved fråvære. I tillegg skal barnehagane ha rutinar for når barnet bør ha kome i barnehagen om morgonen, og system for at føresette gir beskjed om barnet er sjukt eller har fri.
Frå barnet startar i barnehage er det viktig å ha fokus på at barnet møter regelmessig i barnehagen. Dette for å bli kjent med dei andre barna, og for å bli ein del av gruppa. Personalet må finna balansen mellom respekt for føresette sine prioriteringar, det å ivareta barna sine rettar, og samtidig ivareta grunnleggjande fellesverdiar som barnehagen er forplikta til gjennom gjeldande lovverk.
Barnehagelova pliktar barnehagane å jobba førebyggjande og gripa inn når dei opplever barn som ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Fråvær kan vera grunn til uro, og barnehagane skal da følgja opp og setja inn tiltak i samarbeid med føresette jf. BTI.
Skule
Barn og unge har både rett og plikt til grunnskuleopplæring, og dei skal vera aktivt med i opplæringa. Kommunen har plikt til å oppfylla retten til grunnskuleopplæring, og skal ha system som sikrar at denne retten blir følgt. Det skal mellom anna vera eit forsvarleg system for føring av fråvære. Fråværet skal dokumenterast etter opplæringsforskrifta § 9-9. Elevfråvær i Time kommune blir registrert i eit digitalt verktøy. Fråværet blir arkivert i godkjent arkivsystem.
Skulen skal følgja med på elevane sitt nærvær, fråvær og andre teikn som kan vera indikasjon på risiko for utvikling av alvorleg fråvær. Det er óg nødvendig at dei tilsette i skulen har kunnskap om kva åtferd og fråværsmønster ein må vera merksam på i dette arbeidet. Skulen har eit særskilt ansvar for å følga opp sårbare elevar som er i risiko for falla utanfor deltaking i opplæringa. Skulen skal jobba systematisk og målretta mot denne elevgruppa.
For å sikra godt førebyggande og systemretta arbeid er det utarbeidd eigne rutinar for oppfølging av elevane sitt fråvær og samarbeid med heimen. Dei tilsette i skulen skal dokumentera elevane sitt fråvær og ta kontakt med føresette om eleven ikkje kjem på skulen. Føresette får informasjon om kva rutinar som gjeld, og korleis skulen jobbar med nærvær og fråvær. Føresette varslar om fråvær og søkjer om permisjon når det er aktuelt. Skulen sin tilgang til å innvilga fri og permisjonar er regulert i lokal forskrift.
Om skulen er uroleg for ein elev si deltaking i opplæringa, har skulen plikt til å gripe inn og setja inn tiltak i samarbeid med føresette jf. BTI.
Når manglande nærvær blir bekymringsfullt fråvær
Av ulike årsaker kan enkelte barn og unge streva med nærvær i barnehage og skule som fører til uro. Ved uro skal dei tilsette nytta handlingsstega i BTI-modellen. Ved å følgja BTI-modellen sikrar me ein god tverrfagleg innsats som fører til at barnet eller ungdommen får rett hjelp til rett tid på rett stad. I BTI-modellen ligg konkrete handlingsplanar for korleis barnehage og skule skal handtera bekymringsfullt fråvær.