Time kommune skal vera ein god kommune å veksa opp i. Kommunen skal ha et tenestetilbod som har god kvalitet knytt til barn og unges behov, og det skal leggast vekt på førebyggande arbeid og tidleg innsats.
Den 01.01.2022 vart det i Lov om barneverntenester § 3-1, 1. og 2. ledd innført krav om at kommunestyret sjølv skal vedta ein plan for kommunens arbeid for å førebyggja omsorgssvikt og åtferdsproblem:
§ 3-1. Kommunens og barneverntjenestens forebyggende virksomhet
Kommunen skal fremme gode oppvekstvilkår gjennom tiltak for å forebygge at barn og unge utsettes for omsorgssvikt eller utvikler atferdsvansker. Kommunen skal sørge for å samordne sitt tjenestetilbud til barn og familier.
Kommunestyret selv skal vedta en plan for kommunens forebyggende arbeid etter første ledd. Planen skal beskrive hva som er målene for arbeidet, hvordan arbeidet skal organiseres og fordeles mellom etatene i kommunen, og hvordan etatene skal samarbeide.
I den fylgjande planen vil ein beskriva kommunens fleirårige fokus på førebygging og tidleg innsats gjennom å visa til planverk som beskriv konkrete mål knytt til temaet. Vidare vil ein beskriva korleis ein har organisert og fordelt arbeidet i kommunen, der det overordna målet er å setja inn tiltak på eit tidlegast mogleg tidspunkt for å unngå at barn og unge vert utsette for omsorgssvikt og/eller utviklar åtferdsvanskar. Avslutningsvis vil ein beskriva korleis dei ulike aktørane samarbeider, og kva tiltak som er sett inn for å søkja å nå nemnte mål.
Det førebyggande arbeidet i kommunen sitt planverk
Kommunen sine planar er bygde på Folkehelseprofilen som kunnskapsgrunnlag og FN sine berekraftmål som retningsgivar. I Time kommune har me gjennomgåande fokus på førebyggande arbeid i Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2034, Økonomiplanen 2023-2026, Strategiplan omsorg 2013-2025, komande strategiplan oppvekst 2023-2029, komande folkehelsestrategi 2023-2029 og ut i årsplanane til alle verksemder og tenesteeiningar som arbeidar med barn og unge eller deira interesser. Det overordna målet med det førebyggande arbeidet definerast i kommuneplanen sin samfunnsdel på følgjande måte:
«Barn og unge har lyst på livet og evne til å meistra det. Dette får me til gjennom god kvalitet i grunntenestene, tverrfagleg samskaping mellom tenester som barnehage, skule, fritid og i nært samarbeid med barn og foreldre.«
Organisering og fordeling av det førebyggande arbeidet
Barnets trivsel og barnets beste er overordna fokus i Time kommune sitt arbeid med å fremja gode oppvekstvilkår og på den måten førebygga vanskar blant barn og unge. Kommunen har som mål at det skal vere ein tydeleg samanheng i kommunen sine oppveksttenester – heilt frå svangerskap til fullført vidaregåande skule. Organisatorisk inndeling er ikkje hinder for samarbeid, og barn og unge sine behov står i sentrum av tenesteytinga. Rett hjelp til rett tid er mantraet, og i dette er tidleg innsats ei forutsetning.
Tidleg innsats inneber å førebygga før eit problem oppstår, eller å setja inn tiltak tidleg i ei problemutvikling for å hindra at problem vert større. Ei målsetning i kommunen er å vri tenkinga frå å vera problemfokusert på individnivå til å verta systemfokusert å gjelda alle barn. Denne dreiinga ser me på som avgjerande for å få til eit gjennomgåande godt oppvekstmiljø for alle barn og unge i Time kommune. Dette viser også igjen i kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid kor fleire satsingar og prosjekt er ein del av det forbyggjande arbeid mot barn og unge.
Oppveksttrekanten
På det grøne nivået finn ein grunntenestane som nær alle barn og unge nyttar seg av, hhv. skulane, barnehagane og helsestasjonstenesta. Kommunen har som mål at færrast mogleg skal trenge ekstra hjelp og støtte utover det alle barn får tilbod om gjennom det førebyggjande arbeidet som skjer i grunntenestane, og difor har ein stort fokus på å styrka grunntenestane sitt førebyggande arbeid. Det er arbeidet som skjer på dette området denne planen vil handla om.
På det gule nivået finn ein støttetenester som eksempelvis Familiesenteret og Ungdomsteamet som kan støtta og hjelpa barn, unge og føresette der det er identifisert problematikk på ein eller fleire område. Arbeidet på dette nivået skal vera prega av stor grad av samhandling mellom personane det gjeld, grunntenestane og støttetenestene.
Når ein ser at bekymringa for barnet eller ungdommen aukar på trass av arbeidet som skjer på grønt og gult nivå, så kan det vera naudsynt å ha eit samarbeid med barneverntenesta. Barneverntenesta, som det einaste tiltaket som kan fatta tvangsvedtak, er det einaste tiltaket ein finn på raudt nivå. Alle tiltak og tenester skal vera prøvd før ein involverer barneverntenesta – med mindre det er snakk om vald og overgrep som gjer at meldeplikt er utløyst på eit tidlegare tidspunkt.
Samarbeidet og overgangane som førekjem i oppveksttrekanten skjer ved hjelp av kommunens verktøy for samhandling: Betre Tidleg Innsats (BTI).
Modellar for identifisering og samarbeid
Her vil ein beskriva nokon av dei mest sentrale identifiserings- og samarbeidsmodellane på oppvekstfeltet. Desse har som mål å få god kvalitet i grunntenestane og ein raud tråd og samanheng i tenestetilbodet frå svangerskap til fullført vidaregåande skule. På den måten styrkes det førebyggande og tverrfaglege samarbeidet.
Laget rundt læraren og eleven (LLE)
Laget er eit tverrfagleg team som arbeidar fram endring og tiltak gjennom deltaking frå lærarar og elevar og innspel frå foreldre. Det vert leia av rektor, og består elles av PPT-rådgjevar, spesialpedagogisk koordinator, helsesjukepleiar, sosialrådgjevar, lærarar og operativ sosialfagleg ressurs. Målet er at tverrfagleg samskaping skal føra til nye eller forbetra førebyggjande tiltak som fører til auka kompetanse i lærarpersonalet, men den effekten at fleire elevar opplever tilhøyrigheit og meistring. Hovudgrepa som er nytta i prosjektet er strategisk leiing og tett oppfølging frå skuleeigar, auke av helsesjukepleiarressursane i skulen og frigjering av tid for PPT-rådgjevar for å delta aktivt i laget.
Samarbeid mellom barnehage og støttetenester
Barnehagane har systematisk tverrfagleg samarbeid der kontaktpersonar frå PPT og helsestasjon har faste tidspunkt for møte ute i barnehagane. Målet er at tverrfagleg samskaping skal føra til nye eller forbetra førebyggjande tiltak til beste for alle barn, og at ein gjennom samhandling vil auka samla kompetanse.
Barneverntenesta sine nettverkskontaktar
Det vart i 2022 iverksett eit prosjekt der to nettverkskontaktar i kvar sin 50% stilling skal arbeida med å betra samarbeidet mellom barneverntenesta og andre instansar – då primært helsestasjon, barnehagane og skulane. Målet er å sikra at barn får rett hjelp til rett tid, og på rett nivå.
Trygge foreldre i Time
Kommunen har eit forskingssamarbeid med VID Sandnes om prosjektet «Trygge foreldre i Time». Mål med prosjektet er å utarbeida eit kunnskapsgrunnlag frå eksisterande forsking og brukargruppa knytt til universelle helsefremjande tiltak og metodar som kan fremja kunnskap, støtte og hjelp i foreldrerolla.
NAV si rolle i det førebyggande arbeidet
NAV har ei stor rolle i det førebyggande arbeidet. Familiar som er i kontakt med NAV er ei særs sårbar gruppe, og det er ikkje alltid at dei er i kontakt med andre deler av kommunen. NAV har eigne barneansvarlege som skal arbeida for å auke fokuset med å få barnets stemme fram i alle saker. Alle tilsette skal føreta ei heilskapleg kartlegging av familiens situasjon når føresette søkjer om tenester, med mål om å fanga opp, avverja og avhjelpa vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i utsette familiar. For å sikra eit godt samarbeid med andre instansar har NAV tilsette som har arbeidsstaden sin utanfor NAV sine kontor – mellom anna på Meistringssenteret i kommunen og Bryne vidaregåande skule.
Barneansvarleg
I Time kommune har me sikra at alle einingar som gjer tenester etter helse- og omsorgstenestelova har eigne barneansvarlege. Den barneansvarlege skal mellom anna identifisera barn som pårørande, og etterspørja barn som pårørande sitt behov for oppfylging og informasjon. Time kommune har utarbeida ein eigen pårørandestrategi.
Konsultasjonsteamet
Time kommune har oppretta eit konsultasjonsteam mot vald, overgrep og omsorgssvikt som er tilgjengeleg for både tilsette og innbyggjarar. Teamet er ein viktig del av kommunen sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Handlingsplanen har som mål å auka tilsette sin kompetanse om og merksemd mot problematikken, slik at ein kan klara å oppdaga teikn på vald og overgrep til eit tidleg stadium. Konsultasjonsteamet er representert ved psykolog, politi, barnevernpedagog og helsesjukepleiar. Her kan ein få hjelp til å handtera bekymringar for innbyggjarane ved å få drøfta problemstillingar med erfarne fagpersonar.
BTI- betre tverrfagleg innsats
Time kommune har valt BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) som sin modell for samarbeid når det oppstår uro for eit barn eller ungdom. BTI handlar om tidleg intervensjon og tverrfagleg samarbeid. Modellen bidreg til tidleg innsats, samordning og medverking, og gir ei god oversikt over handlingsforløp. Modellen skal bidra til å sikra at personen det er knytt uro eller bekymring til vil få ei tilrettelagt oppfylging. Den er egna for tenester som møter gravide, barn, unge og føresette det er knytt undring eller bekymring til. Kven som helst kan finna modellen på nettet og bruka den for å handtera uro for eit barn eller ein ungdom, også barnet eller den unge sjølv, eller vaksne innbyggjarar. Hensikten med BTI-modellen er å kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga.
Oppsummering
Time kommune har overordna planverk som legg føringar for tidleg innsats for å førebygga åtferdsvanskar og omsorgssvikt. Kommunen skal leggja til rette for at kvar enkelt barn og ungdom har lyst på livet og evne til å meistra det. Det skal ein gjera ved å ha så god kvalitet som mogleg i grunntenestane for å unngå skadeleg utvikling hos kvar enkelt barn og ungdom, og ved å samarbeida med barnet, ungdommen og familien på tvers av organisatorisk inndeling innad i kommunen.