Visjonen i tenesteområde Oppvekst er at «Alle barn og unge i Time kommune har lyst på livet og evne til å meistra det». Me skal sikra at alle barn og unge skal oppleva eit godt og inkluderande skulemiljø som fremmar tryggleik, læring, trivsel og helse.
I tillegg til lovverket, Lov om barnehager med forskrift Rammeplan for barnehagen, er Strategiplan Oppvekst grunnlaget og styringsdokument for arbeidet i barnehagane i Time.
Trygge foreldre
Time kommune ønsker å bidra til å gjera foreldre trygge ved å ha god kvalitet i grunntenestene, og tverrfagleg samskaping mellom tenester i nært samarbeid med barn og foreldre, slik at dei kan vera deltakande og medverkande.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Me har 90% deltaking på møter med foreldregrupper
- Indikatorar i tilgjengeleg datagrunnlag syner positiv utvikling
- Føresette tar initiativ til og bidreg inn i ulike arrangement
Barnehagane i Time kommune har faste foreldremøte to gonger i året. I tillegg til dette vert det invitert til foreldremøte for skulestartarane i samarbeid med skulane i samband med overgang frå barnehage til 1. klasse.
Alle barnehagane inviterer føresette til samtalar to gonger i året.
Alle barnehagane har Samarbeidsutval (SU) der valde foreldrerepresentantar er medlemmer.
Barnehagane i Time bruker MyKid og eigne heimesider som kommunikasjons- og informasjonskanalar mellom barnehagen og føresette.
Resultata frå foreldreundersøkinga blir brukte som kunnskapsgrunnlag i barnehagane si daglege drift og utviklingsarbeid.
Samhandling og førebygging for tidleg innsats
Eit godt og inkluderande tilbod til alle barn og unge krev at dei tilsette har relevant kompetanse, at det er tilstrekkelege ressursar, og at tenestene samarbeider. Me skal ha arenaer for systematisk tverrfagleg samhandling, kor tenestene saman kan bruka sin kompetanse til å utvikla gode oppvekstvilkår i Time kommune.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Ulike profesjonar samhandlar jamleg for å utvikla forebyggande tiltak
- Alle elevane i Time begynner i vidaregåande opplæring eller i jobb etter 10-årig grunnskule
Alle barnehagane i Time kommune har eit tverrfagleg team, laget rundt læraren og barnet (LLB). Målet med laget er tverrfagleg samskaping som fører til auka kompetanse hos tilsette og at barna skal oppleva at dei høyrer til og meistrar. Laget blir leia av styrar, og består elles av PPT- rådgjevar, inkluderingspedagog og helsesjukepleiar.
BTI-modellen er Time kommune sin handlingsrettleiar for å oppdage og følge opp barn og unge i risiko for å utvikla vanskar. BTI-modellen skal visa den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. Modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.
Alle barnehagane jobbar etter Overgangsplanen 0- 16 år for å sikra god kvalitet og felles praksis i dei ulike overgangssituasjonane barn og unge står ovanfor. Gode overgangar er ein del av arbeidet med å førebygga, fanga opp, følga opp og fremja eit trygt og godt miljø for alle elevane.
For å førebygga at barn og unge blir utsette for vald, skal barnehagane ha kompetanse for å førebygga, avdekka og melda frå om mistanke og bekymring for vald. I Handlingsplan mot vald i nære relasjonar står tiltak som skal gjera dei tilsette trygge i dette arbeidet.
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Barnehagane har ein eigen plan for arbeid med trygt og godt barnehagemiljø.
Inkluderande samfunn
Å delta og vera inkludert i samfunnet er viktige faktorar som bidreg til god livskvalitet og folkehelse. Samfunnet vårt er kjenneteikna av språkleg, kulturell- og sosioøkonomisk mangfald, som gir oss eit rikare fellesskap. Barn og unge skal oppleva å høyra til i dette fellesskapet.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Alle barn og unge melder at dei blir sett, høyrt og inkludert
- 90% av deltakarane i introduksjonstilbodet går ut i arbeid eller vidaregåande opplæring
Leiken er ein grunnleggande arena for læring og sosial utvikling, og barnehagen skal vere ein stad der barn kjenner seg sett, høyrt og verdsett. Leiken har ein sentral og viktig plass i kvardagen i barnehagane i Time. Barnehagane skal leggje til rette for variert og inkluderande leik, både inne og ute. Det er fokus på at personalet skal vere aktive medspelarar i leiken og støtte barnas initiativ og samspel. Leik er òg knytt til tryggleik og trivsel, og er ein viktig del av arbeidet med å skape eit godt barnehagemiljø. Leiken skal vera inkluderande, og alle barn skal få høve til å delta.
Barnehagane i Time arbeider for å fremje eit inkluderande og trygt barnehagemiljø der alle barn opplever tilhøyrsle, tryggleik og moglegheit til å utvikle seg gjennom leik og samspel. I dette arbeidet gjennomfører barnehagane ulike undersøkingar for å kartlegga barnehagemiljøet, både når det gjeld trivsel og vennskap. Kvart år har alle barnehagane kartlegging ved å nytta ulike verktøy som til dømes sosiogram, barnesamtalar og Alle Med.
Som ledd i kvalitetsarbeid nyttar dei kommunale barnehagane i Time følgande verktøy:
- Classroom Assessment Scoring System (CLASS): CLASS er eit verktøy som måler kvaliteten på samspel mellom tilsette og barn i barnehagen. Med å nytta observasjonsverktøyet får barnehagen innsikt i kvaliteten på samspel mellom vaksne og barn, og kan målretta utviklingsarbeidet mot å skape eit miljø prega av varme, støtte og engasjement. Sertifiserte observatørar gjennomfører årlege observasjonar, og funna blir brukt til kompetanseutvikling.
- Marte Meo: Marte Meo er ein kommunikasjons- og relasjonsorientert rettleiings- og behandlingsmetode. Målet er at alle barnehagane har ein Marte Meo-rettleiar og er praktikarbarnehagar.
Oppvekst og digitalisering
Digital kompetanse blir trekt fram som ein føresetnad for å kunna delta i ulike former for læring og utdanning, og for å delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv. Viktige ferdigheiter som barn og unge treng er evne til samarbeid, omstilling, kritisk tenking, sjølvregulering, problemløysing og kreativitet.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Tilgang på verktøy og trygge strukturar
- Aldersadekvate digitale ferdigheiter
- Kvardag med balanse i læring mellom fysisk, analogt og digitalt
Barnehagane i Time kommune jobbar etter planen Digital praksis i Time, med fokus på folkehelse og livsmeistring.
Rammeplanen for barnehagen legg vekt på at digitale verktøy skal støtta barna sin leik, kreativitet og læring. Personalet skal vera aktive saman med barna når digitale verktøy blir brukt, og det er viktig at teknologien ikkje dominerer kvardagen, men blir brukt med omhug.
Vidare skal barnehagen bidra til at barna utviklar ei byrjande etisk forståing knytt til digitale medium, samt læra om kjeldekritikk og opphavsrett. Det blir også lagt vekt på at digitale verktøy kan brukast til å utforska, skapa og læra på nye måtar, for eksempel gjennom animasjon, lydproduksjon og digitale mikroskop.
Rekruttera og behalda
Tilsette i Oppvekst er nøkkelen for å sikra visjonen “Alle barn og unge har lyst på livet og evna til å meistra det”. Det er difor avgjerande at tilsette har den kompetansen som trengst for å møta og ivareta behova til barn, unge og familiane.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Alle tenester skal ha kvalifisert personell i stillingar
- Fleire kvalifiserte søkjarar enn stillingar
Time kommune legg vekt på å rekruttera og behalda god og kvalifisert arbeidskraft over tid, og sikra at tilsette i barnehagane får nødvendig kompetanseheving.