Jordmortenesta, helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er eit likeverdig og gratis tilbod til alle innbyggjarane i Time kommune. Tilbodet til barn, ungdom og deira foreldre skal tilpassast den einskilde sine føresetnadar og behov, for å sikra eit likeverdig tilbod som gjer innbyggjarane i betre stand til å ta vare på helsa og livskvaliteten sin.
Gravid
Alle gravide har rett til gratis oppfylging hos jordmor eller fastlege. Den gravide får tilbod om sju svangerskapskonsultasjonar, og i tillegg tilbod om tidlig ultralyd og eventuelt NIPT. Det vert gitt tilbod om fleire konsultasjonar dersom fastlege eller jordmor saman med den gravide vurderer at det er behov for det.
0-5 år
Alle barn 0-5 år får tilbod om regelmessige konsultasjonar på helsestasjonen. Tilbodet i helsestasjon 0-5 år følger eit standardisert program med 14 konsultasjonar – inkludert heimebesøk til nyfødte.
Helsestasjonen følgjer dei nasjonale retningslinjene for barselomsorgen, og nettsidene hos Helsedirektoratet syner ei oversikt over kva tilbodet inneheld. På HelseNorge finn du oversikt for arbeidet når barna er mellom 0 og 5 år.
Skulehelsetenesta
Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet. Helsesjukepleiar ved den enkelte skule har ansvar for skulehelsetenesta. Skulelegen er medisinsk fagleg ansvarleg for tenesta.
Skulehelsetenesta skal arbeida for å
- fremja eleven si psykiske og fysiske helse
- fremja gode sosiale og miljømessige forhold
- førebyggja sjukdom og skade
- i samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon
- jamna ut sosiale helseforskjellar
- forebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt.
Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar på skulen.
Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit tilbod for ungdom opp til og med 22 år som bur i kommunen eller går på skule her. Her jobbar helsesjukepleiar, jordmor og lege som er vant til å snakka med ungdom om ulike tema, som kropp og helse, prevensjon, psykisk helse o.l.