Visjonen vår er at «Alle barn og unge i Time kommune har lyst på livet og evne til å meistra det». Me skal sikra at alle barn og unge skal oppleva eit godt og inkluderande skulemiljø som fremmar tryggleik, læring, trivsel og helse.
I tillegg til lovverket, Opplæringslova med forskrifter, er Strategiplan Oppvekst grunnlaget og styringsdokument for arbeidet i Timeskulen.
Trygge foreldre
Time kommune ønsker å bidra til å gjera foreldre trygge ved å ha god kvalitet i grunntenestene, og tverrfagleg samskaping mellom tenester i nært samarbeid med barn og foreldre, slik at dei kan vera deltakande og medverkande.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Me har 90% deltaking på møter med foreldregrupper
- Indikatorar i tilgjengeleg datagrunnlag syner positiv utvikling
- Føresette tar initiativ til og bidreg inn i ulike arrangement
Grunnskulane i Time kommune har faste foreldremøte to gonger i året. I tillegg til dette inviterer skulane til ekstra møter i samband med overgangar frå barnehage til 1. klasse og frå barnetrinn til ungdomstrinn.
Alle skulane inviterer føresette og elev til utviklingssamtalar to gonger i året gjennom heile grunnskulen.
Frå 7.-10. trinn inviterer skulane føresette til møter med Sterk og klar, der tema er sosialt samspel, foreldrerolla, rusførebygging, psykisk helse og overgang til vidaregåande skule.
Alle skulane har Foreldrearbeidsutval (Fau) og Samarbeidsutval (SU) der valgte foreldrerepresentantar er medlemmer.
Skulane i Time bruker Visma Flyt skule og eigne heimesider som kommunikasjons- og informasjonskanalar mellom skulen og føresette.
Resultata frå foreldreundersøkinga blir brukte som kunnskapsgrunnlag i skulane si daglege drift og utviklingsarbeid.
Samhandling og førebygging for tidleg innsats
Eit godt og inkluderande tilbod til alle barn og unge krev at dei tilsette har relevant kompetanse, at det er tilstrekkelege ressursar, og at tenestene samarbeider. Me skal ha arenaer for systematisk tverrfagleg samhandling, kor tenestene saman kan bruka sin kompetanse til å utvikla gode oppvekstvilkår i Time kommune.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Ulike profesjonar samhandlar jamleg for å utvikla forebyggande tiltak
- Alle elevane i Time begynner i vidaregåande opplæring eller i jobb etter 10-årig grunnskule
Alle grunnskulane i Time kommune har eit tverrfagleg team, laget rundt læraren og eleven ( LLE). Målet med laget er tverrfagleg samskaping som fører til auka kompetanse hos tilsette og at elevane skal oppleva at dei høyrer til og meistrar. Laget blir leia av rektor, og består elles av PPT- rådgjevar, inkluderingspedagog, helsesjukepleiar, sosialrådgjevar, lærarar og operativ sosialfagleg ressursperson.
Alle skulane jobbar etter Overgangsplanen 0- 16 år for å sikra god kvalitet og felles praksis i dei ulike overgangssituasjonane barn og unge står ovanfor. Gode overgangar er ein del av arbeidet med å førebygga, fanga opp, følga opp og fremja eit trygt og godt miljø for alle elevane.
For å kunna oppdaga og identifisera rusbruk hos elevar tidleg, og gi tilsette kompetanse, jobbar alle ungdomsskulane i Time kommune etter handlingsplanen Handtering av rus i skulen. Ungdomsskulane har ein Kjentmann som har auka kompetanse innan rusførebygging og tidleg intervensjon.
For å førebygga at barn og unge blir utsette for vald, skal skulane ha kompetanse for å førebygga, avdekka og melda frå om mistanke og bekymring for vald. I Handlingsplan mot vald i nære relasjonar står tiltak som skal gjera dei tilsette trygge i dette arbeidet.
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Ein del av det førebyggande arbeidet i Timeskulen, er bruk av Olweusprogrammet for 5.- 10. trinn, og Zippy – og Eples venner på 1.- 4. trinn. Alle skulane er sertifiserte Olweusskular, og følger retningslinjene i programmet både i førebygging og dersom der skulle oppstå saker med utrygt skulemiljø. På 1.- 4. trinn er Zippy- og Eples venner ein del av arbeidet med å fremja gode klassemiljø.
Ungdomsskulane i Time nyttar undervisningsopplegget Robust. Målet med undervisningsopplegget er å auka trivsel og motivasjon blant elevane ved å fremja sosial og emosjonell kompetanse.
Inkluderande samfunn
Å delta og vera inkludert i samfunnet er viktige faktorar som bidreg til god livskvalitet og folkehelse. Samfunnet vårt er kjenneteikna av språkleg, kulturell- og sosioøkonomisk mangfald, som gir oss eit rikare fellesskap. Barn og unge skal oppleva å høyra til i dette fellesskapet.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Alle barn og unge melder at dei blir sett, høyrt og inkludert
- 90% av deltakarane i introduksjonstilbodet går ut i arbeid eller vidaregåande opplæring
Skulane i Time har stort fokus på at alle elevar skal bli inkluderte i klassen eller gruppa dei høyrer til, og at dei skal ha ein trygg og god skulekvardag. I dette arbeidet gjennomfører skulane ulike undersøkingar for å kartlegga læringsmiljøet, både når det gjeld trivsel, vennskap og mobbing. Kvart år har alle skulane mobbeundersøking frå 4.- 10. trinn (Olweusundersøkinga om mobbing ) og i tillegg vert læringsmiljøet kartlagt med Klassetrivsel (verktøy for analyse av læringsmiljø) på ulike nivå. Elevundersøkinga som også blir gjennomført frå 5. -10. klasse kvart år, gir også indikasjonar på korleis elevane har det. Her får elevane uttala seg om blant anna trivsel, medverknad, vurdering og mobbing. Resultata av undersøkinga blir brukt som kunnskapsgrunnlag i skulane sine utviklingsplanar for å jobba med læringsmiljøet.
Alle skulane har elevråd som er aktive i elevane sin kvardag og som bidreg og uttalar seg om skulen sine satsingsområde og om både det faglege og det sosiale miljøet på eigen skule.
I Timeskulen har me eit spesielt fokus på at alle elevane våre skal fullføra vidaregåande skule. Alle elevane våre på ungdomsskulen får prøva ut to utdanningsprogram i vidaregåande skule i løpet av 9. og 10. trinn. Kommunen jobbar med fylkeskommunen i programmet Glidelåsen, for å identifisera, registrera og følga opp elevar som står i fare for å droppa ut av vidaregåande skule.
Oppvekst og digitalisering
Digital kompetanse blir trekt fram som ein føresetnad for å kunna delta i ulike former for læring og utdanning, og for å delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv. Viktige ferdigheiter som barn og unge treng er evne til samarbeid, omstilling, kritisk tenking, sjølvregulering, problemløysing og kreativitet.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Tilgang på verktøy og trygge strukturar
- Aldersadekvate digitale ferdigheiter
- Kvardag med balanse i læring mellom fysisk, analogt og digitalt
Skulane i Time kommune jobbar etter planen Digital praksis i Time, med fokus på folkehelse og livsmeistring.
Rekruttera og behalda
Tilsette i Oppvekst er nøkkelen for å sikra visjonen “Alle barn og unge har lyst på livet og evna til å meistra det”. Det er difor avgjerande at tilsette har den kompetansen som trengst for å møta og ivareta behova til barn, unge og familiane.
Mål i strategiplan oppvekst:
- Alle tenester skal ha kvalifisert personell i stillingar
- Fleire kvalifiserte søkjarar enn stillingar
Time kommune legg vekt på å rekruttera og behalda god og kvalifisert arbeidskraft over tid, og sikra at tilsette i skulen får nødvendig kompetanseheving.